Vestlandet

Fra Ikkepedia, det innholdsløse leksikonet
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartvestlandet.jpg

«Den fins ikkje. Bergen er verden. Vestlandet er Norge.»

- Dagfinn Høybråten om Norges stilling i verden

Vestlandet er landet som ligg på feil sie av Langfjella, vestafor sol og vestafor måne, så langt vest at berre jamlege stein- og snøras, ran og store ufsar minner folk på at det faktisk er ein stad.

Menneskjene som bur der, er av den harde sorten. Dei må daglig hanskast med sau, orkanar og frukt-, furu- og sikka grantre som veks rundt på vestlandet.

Uavhengigheitskrigen 1940 - Notid[rediger]

Heilt sia tyskarane kom til Bergen, har Vestlandet kjempa innbite for å verta eit sjølvstendig og fritt land.

På syttitalet då olje vart oppdaga i nordsjøen, sat store deler av industrieliten på Vestlandet og gneid seg i hendene. Befolkningi, på den anda sida, fortvilte, for dette be-segla vestlandets skjebne som ein evig del av landet Norge. Resten av landet opplevde ei nye begeistring for dialekt akkurat på denne tida, men alt det derre var eigentleg ein enorm reklamekampanje drevet av folk frå Vestlandet for å verve fleire nynorskbrukarare, og sånn med, fleire Vestlands-sympatisørar.

Nok ein orsak til at den vestlandske draum om eiget flagg enno ikkje er verte oppfylt, er at Bergen, det folkerikaste leitet på Vestlandet, om ein ikkje tek sauar med i teljinga, ikkje er einige. Bergen vil heller verta eit eiget land sjølv.

Også spynorsken har sitt opphav på vestlandet. Dette kan du lesa meir om i Norsk språkhistorie før 1900.

Målet om eigen Vestlandsk stat er enno ikkje gått under og både småfolk og politikarar drøftar ei mogleg lausriving frå Noreg både i media og bak lukka dører, i djupe ølkjellarar og i uthus. Men uroa veks stadig, ettersom det er vestlendingen som skipar det meste av pengar som trengs i kongedømet. Dress-folka på austlandet har ikkje peiling på stort anna enn å drikke riktig vin til dei rette måltida, og å få den riktige dressen til å passe til hatten.

Ein gang før valet i 2009, som den rau-grønne kommunistalliansen overraskande nok vant med knappast mogleg margin, kom valforskaren Frank Aarebrot med ein advarsel om at det heldt på å byggja seg sterk misnøye på Vestlandet som kunne føre til at ein lausriving. Mange lo av han, og trudde han hadde fått i seg for mykje av ein bestemt type gjæret væske. det kan vere sikkert og visst at godeste Årebrot undervurderte sinnsstemninga til vestlendingane. På vestlandet siden

Vestlendingen[rediger]

Det å setja ein bestemt karakteristikk på vestlendingen er ikkje enkelt. Vestlandet er ein stor landsdel. 90% av dei som bur på vestlandet livnærer seg av havet. 50% er frukt-bønder. 30% held sau, 10% held kyr. Friske geiter finn ein heilt ute i havgapet.

Vestlendingen trivest best i oljehyra, sjøstøvlar og sydvest. Lubbe sild og kalde poteter er laurdagsgodt.

Vestlendingen har også utvikla seg gjennom mange generasjoners selektivt utval til å vere spesielt godt tilpassa å gå i motbakkar og i styggevêr. Dei lenar seg stadig framover mot vinden, og når det er vindstille ein sjeldan gang så dett dei over ende.