Usynlig

Fra Ikkepedia, det innholdsløse leksikonet
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit brev skriven med usynlig skrift

Usynleg skrift er brukt i mange hundre år for å lure fiendar og andre styggingar. Om ein skriv med usynleg skrift kan berre den som veit korleis han skal få fram skriften lesa meldingen.

Historie[rediger]

Usynleg skrift har vorte brukt i mange hundre år. Før usynleg skrift vart oppdaga var det kodar som gjaldt. Den første usynlege skriften vart først dokumentert i 1790 av ein engelsk professor i London. Den usynlege meldigen hans var skriven med mjølk, og kom berre fram då han varma opp papiret. Godeste engelskmann fann opp andre metodar å skriva usynleg med, og det usynlege blekket er den mest kjende.

Usynlegheitskappa[rediger]

Alle har høyrt om usynlegheitskappa til Harry Potter. Du trur kanskje at denne kappa berre er oppspinn, men ei sånn kappa har faktisk eksistert. I 1400-talets Frankrike var det ein kjemikar ved navn Ùsy N. Lîg utruleg nok klarte å laga ei sånn kappa. Den virka ved at ein tok levande Sarra-Sarra-froskar og knuste dei til ein mjuk, klissete masse. Dette klisset smørar ein på eit teppe eller liknande, og så er teppet usynleg. Væska frå Sarra-Sarra-frosken har ei heilt spesiell samansetting som gjer at det fører lyset rundt objektet det heng på på ein spesiell måte. Om du hiv teppet over deg, så kan ikkje folk sjå deg. Uheldigvis kan ikkje du sjå ut heller.

Sjå også[rediger]