Sjokoladekake

Fra Ikkepedia
Hopp til: navigasjon, søk

«Dette tek kaka! Napoleonskaka, meiner eg. No vil alle ha sjokoladekake og eg vart nøydd til å senda inn konkursbegjæring i går.»

- Baker Maximilianus Hansen ved Ytre Agder Napoleonskakebakeri

Sjokoladekaker inneheld som oftast sjokolade i ei eller anna form, ofte i form av kakaopulver. I tillegg inneheld den gjerne egg, mjød og babyolje. Det finst fleire typer sjokoladekaker, nokre er klissete i midten, nokre er flytande i midten og nokon er faste og luftige tvers gjennom. Dei meir avanserte sjokoladekakene har gjerne fleire lag med sjokoladefyll imellom. I dag har sjokoladekaka mange bruksområde, men vert fyrst og fremst nytta til å avvæpna hysteriske kvinnemenneske av alle kjønn (ved kjærleikssorg so vel som til bryllaup). Føre Tsjernobyl-ulukka var ho òg populær som brensel i atomreaktorar, og har dessutan gjeve namn til den sokalla «brune gørra» som seiest å finnast i kommentarfelt og i folkedjupet elles.

Historie[rediger]

Tidleg sjokoladekake. Ho står enno på eit museum i Wien.

… men dessertwienen var eigentleg ei kake[rediger]

Sjokoladekaka vart oppfunne av ein bakar frå Wien på slutten av 1700-talet og vart til på slump. Bakaren ynskte desperat å gje dottera ei gåve for å lindre den endelause kjærleikssorga hennar, fordi ho gret so mykje at nær ein tredjedel av byen vart utsett for vedvarande skadeleg høge lydnivå frå skrikinga hennar. Den første sjokoladekaka var hard, flat og firkanta, men enno god nok til å gje byen sjelefred. Dottera likte denne så godt at bakaren byrja å vidareutvikle og distribuere denne kaka.

Sjokoladekaka held skarringa nede[rediger]

Sjokoladekaka tok likevel ikkje av før tidleg på 1800-talet, då den vart oppdaga av det franske hoffet. I 1824 vedtok kongen, som alt i fleire år hadde utvikla sterke symptom på tvang og psykose, at folket berre fekk eta rund mat, men han ville framleis ha sjokoladekake. Kokkane vart lagde under giljotinen i dusintal, men til slutt fekk dei løyst formproblema med hjelp frå riddarane av det runde bordet, og kaka fekk den runde forma vi kjenner i dag. Det måtte ein ovstor omn til for å få heile det runde bordet, som diverre tok fyr i prosessen, inn, men kaka slapp undan med berre lettare skadar. Det runde bordet brann derimot ned til grunnen, og soleis enda diverre den soga. Ein reknar med at den runde sjokoladekaka utsette spreiinga av skarre-r-en utover grensene til Frankrike med inntil 30-40 år.

Kaka og krigen kjem til Noreg[rediger]

I lang tid var det ikkje mykje som hende på sjokoladekakefronten, anna enn utvikling av nye oppskrifter, men i 1940 kom verdskrigen til Noreg, og med den kom brunost- og sjokoladekakeforbodet. Det vart hevda at den norske motstandsrørsla vart oppeldna av å eta brunost og sjokoladekake, og tyske styresmakter, som mest var interessert i å mjøla si eiga kake, valde å forby desse produkta. Det norske folk ville likevel ha sin del av kaka, og ei stor smuglarverksemd blomstra opp i laupet av dei åtte åra krigen vara. Sjokoladekaker vart gøymt i fjøsveggar og bensintankar, dette har i seinare tid vore kalla sjokoladeopprøret.

I dag vert oftast sjokoladekaker nytta i samband med bursdagar, bryllaup og andre samankomstar, men den opprinnelege funksjonen (kur mot kjærleikssorg) vert framleis halden i hevd av hundrevis av kvinner og menn verda over.

Mutasjonar og hybrider[rediger]

Kakemonster[rediger]

Sjokoladekakemonster (monstrum cacaoensis) i naturleg habitat.

Då sjokoladekaka fyrst spreidde seg, var det med so høg fart at det ikkje var til å unngå at kaka kom i kontakt med våre vener i dyreriket. Slik var det at kakemonstra oppstod, truleg ein gong på tidleg 1900-talet.

Kakemonsteret etter 200 år med evolusjon, monstrum cacaoensis modernum. Dietten har vorte raffinert og arten har utvikla eit primitivt språk.

Dei fyrste kakemonstera var glupske, nifse skapningar som livnærte seg av å eta seg opp gjennom bord og andre tremøbel. Dei er i fjern slekt med Hëittapillta, men er ikkje so oftsynte lenger.

Moderne kakemonster har gjennom evolusjonen skifta både diett og habitat. Dei er ikkje lenger laga av sjokoladekake, men har tvert om sjokoladekake som ein sentral del av dietten. Dei trivst enno på kjøken, men et seg ikkje lenger opp gjennom bord for å skremma alt og alle omkring dei. I staden gøymer dei seg i skap og et opp alt dei finn av kaker. Gjennom eksponering i fjernsynet, har arten vorten kjend for ålmenta og til og med utvikla eit primitivt språk.

Sjokoladekakesalaten[rediger]

Sovande sjokoladekakesalat.

Sjokoladekakesalaten er rekna som eit av dei største mistaka i heile vitskapshistoria. Han vart opphavleg utvikla i kjølvatnet av sjokoladekakehysteribølgja som råka småbarn over heile verda knallhardt, og var eit desperat forsøk på å hindra barn i å utvikla tidleg sumobrytoidisme. Endå målet var å utvikla salat med sjokoladekakesmak, var det mykje som gjekk gale, og sjokoladekakesalaten var eit faktum, slik òg brokkolien vart oppfunne for å straffa uskikkelege barn.

Når sjokoladekakesalaten søv, ser han ut som ei sjokoladekake som det har vakse ugras på, men under finst fleire lag med sterke hoggtenner. Halvdyret er dessutan giftig, særs aggressivt og forplantar seg lett. Denne hybriden spreidde seg fort, men er no driven attende til mørkret. Han gøymer seg i skap og under senga til barn, og hadde jamvel ei birolle i Disney-/Pixar-filmane om Monsterbedriften.