Rogdo
Rogdo (Også kalla Roghdum, Rochde og Rogde) ligg på vestlandet i Noreg, 1500 meter over havet oppforbi ein trong fjord som populært vert kalla Sørfjorden. På Rogdo bur det ca. 30 personar, fordelt på cirka ein kvadratkilometer. Det er ikkje elektrisitet på Rogdo sidan landet ikkje er offisielt oppdaga enno. Berre eit fåtal turistar som forvillar seg til Rogdo kjem heim att, og dei som kjem att er som oftast hjernevaska (eller "klakaskaddla", som rogdingane kallar det). Dei færraste kjem att frå Rogdo met vete i behold. Det er desse vitnene som så omhyggjeleg har skildra livet på Rogdo per i dag.
Historie[rediger]
Nede ved fjorden går det ijete (rykte) om eit lite land høgt der oppe, men ingen har våga seg opp endå på grunn av kulden som regjerar tuentifår sævvæn. Det er faktisk nede i 300 minusgrader av og til på sommeren. Men Rogdingane er smarte folk, så dei høgg ved til å fyra med. Då vert det godt og varmt i dei små husa dei sjølv har laga av mammutbein. Ja, der er mammutar der. Der har dei overlevd på grunn av kulden. Mammutane vart temde då Rogdingane kom rundt om år 900 etter kristus, så no fungerer dei som trekkdyr til å trekka dei svære, feite tømmerstokkane til Rogdingane. Mammutane si eksistens er avhengig av ein såkalla Hattifnatt. Høvdingen på Rogdo heiter Svensen. Han er den mest hardbarka av alle dei hardbarka rogdingane, og er over 230 år gamal.
Skreer[rediger]
Skreene på Rogdo har i alle år trua livet oppe i nutane. Store steinar som har kome med snøen har slått i hel mang ein mammut, men likevel har dei greidd seg. Dei er mest like hardbarka som rogdingane sjølve. Folket på Rogdo har utvikla eit avansert system for å forutsjå skreene. Maskina går sjølvsagt på mammutkraft.
Dei gamle vikingane[rediger]
Sidan Rogdo er så isolert har dei utvikla eit eige språk kalt Rogdisk, som eigentleg er det gamle språket som vikingane snakka. Rogdingane stammar frå dei hardaste av dei hardbarka vikingane. Vikingane var også til Hellas og fann ein liten plass dei kalla Rogdia. Der bur det ein liten koloni Rogdingar.
Ein har prøvd å ta satelittbilete av Rogdo, for å sjå om det faktisk er noko der, men det let seg desverre ikkje gjere på grunn av tåka som ligg der konstant.