Maursyre
Maursyre er nasjonaldrikken til Islendingane. Dei drikk den til kvardag og fest, og er meir populær enn øl. Maursyra er ei veldig sterk syra som Islendingane har klart å blitt immune mot. Uvisst korleis.
Historie[rediger]
Maursyra vart oppfunnen av dei gamle vikingane her i Norge. Dei oppfann den rundt 900 e.kr., ved å skvisa væske ut av baken på maur. Detta var tidkrevande arbeid, men det var verdt det. Ein vert veldig surrete av drikken, og ein kan ririkera å etsa vekk eterøyret. Dette var ein sjangs vikingane var villige til å ta. Det var den kjente vikingen Bottolf Øksaskaddle som tilfeldigvis oppdaga denne drikken. Han var på ferd ute i skogen og begynte å gå tom for mat. Desperat som han var begynte han å eta maur. han syntes dette var godt, og åt så mangen han kunne. Etter kvart vart han øren og surren. Då han til slutt kom heim att spreidde nyheitane seg om denne fantastiske drikken, og Bottolf Øksaskaddle vart æra som ein Gud. Nokre år etter stakk Bottolf (som no var blitt høvding) til Island med 20 båtar, 300 av sine slektingar og eit knippe slavar til å skvisa maur. Der busatte dei seg og førte maursyreskikken med seg. Den er bevart fram til den dag i dag.
Ellers...[rediger]
Islendingane er stolte av drikken sin. Dei utfordrar alle reisande til å prøva, men nesten ingen overleve. Myndigheitane i Island vil halda detta hemmlig, så dei som overleve å drikka drikken vert halshogd på staden. Maursyre vert oppbevart i hendige flasker. Her i Norge vert maursyra transportert frå Island og brukt som torturmiddel. Enkelte bønder dynkar graset i det for å få det til å vara lengre(?) Utrulig, men sant. Bøndene kallar det silo. No er det The Coca-Cola Company som distributerar leskedrikken Maursyra.