Hvordan:Løse Rubiks Kube

Fra Ikkepedia, det innholdsløse leksikonet
Hopp til navigering Hopp til søk
Nerdekuben.

Rubiks kube er ein liten, snedig kube med mangen fine fargar på. Fargane er som regel raud, grøn, blå, gul, kvit og ein til farge som eg ikkje hugsar navnet på. Poenget med denne klossen er å få alle fargane fint og pynteleg sortert på kvar si side av klossen. (Kuben har 6 sider, som alle andre kubar).

Opprinnelse[rediger]

Rubiks Kube vart oppfunne av franskmannen Rubîx Cubè i 1969. Han var ein framragande oppfinnar og oppfann mange andre ting i tilleg til denne klossen med fine fargar på. Han vart desverre drepen i 1971 av ein frustrert Rubiks Kube-kjøpar. Det er ingen som veit korleis han oppfann denne merksnodige tingen, men no er den brukt som leiketøy. Det er mange som har denne kuben heima, men dei færraste klarer å løysa den. Den er som vanlig ikkje så lenge i hus før den av eigaren vert kasta på eit bål eller overkjørt av bil. Dei færraste av dei færraste klarar å ha denne såkalla kuben i hus over ei lang tid. Det er ikkje alle som taklar å sjå den umulige kuben kvar dag og veta at den ikkje kan løysast. Mangen av kubeeigarane stuar den som oftast opp på loftet eller i den trongaste kroken i kjellaren.

Kvifor skal eg løysa denne kuben?[rediger]

Ja, det lurar du sikkert på. Kvifor skal du løysa den? Er det vits? Det er ikkje noko fasitsvar på dette, men alle som går inn for å løysa kuben pleier å ha ein personleg grunn. Om du løyser denne kuben er det ikkje usannsynleg at Gud vil avsløra meininga med livet for deg. Det er også stor sjangs for å verta president i Japan om du er så heldig å sortera alle fargane på kuben. Sett deg ned. Sitte du? Ok. No skal me finna ut din personlege grunn til å løysa kuben. Sitte du godt? Skal jeg snakke bokmål så du forstår meg bedre? Javel. Pust dypt inn. Lukk øynene dine, og tenk. Se dypt inn i deg selv og finn din personlige grunn til å løse den magiske kuben. Har du funne den? Ikkje endå? Ok. Då vente me litt til (...) Ferdig no? Neivel (...) No då? Fint. Då kan me fortsetta.

Korleis løyser eg den?[rediger]

Denne kuben er nesten umulig å løysa. Berre dei største nerdane md fritidsproblemer klarar dette, og dei beste sågar på under 15 sekunder. For oss dødlige er det mange andre måtar å løysa den på, sjølv om desse er litt voldelige og øydeleggjande. Om akkurat du, som sannsynlegvis ikkje er ein nerd vil løysa denne kuben, treng du følgande:


  • 1 stk. Rubiks Kube
Questionmark.gif Hvordan? 
Denne artikkelen er en del av Ikkepedias Hvordan?-serie. Se flere Hvordan-er?
  • Skrustikke
  • Flammekaster (propandriven)
  • Slegge (2 punds, krumma stål)
  • Blåsyre (100 %)
  • Øks
  • 3 frivillige, dumdristige kompisar som du kan stola på.


Illustrasjonsfoto

Det første du må gjera er å ta opp den vesle kuben og møysommeleg sette den fast i skrustikka. Stram godt til. Strammare. Sånn, ja. Om kuben vert øydelagd gjer det ingenting. Når denne kuben sitt godt fast, tar du fram dei 3 "kompisane" dine og gjer dei det forskjellige utstyret. Slegge, blåsyra og øks. Flammekastaren tek du sjøl. Du må passa på så du ikkje får blåsyra på deg. Det er endå meir etsande enn maursyra. Stoler du virkelig på vennene dine? Heilt sikker? Dei har veldig dødelige våpen i hendene sine no. Jaja, det er ditt liv. OK. No må du gje instruksar til desse såkalla "vennene" dine. Først må han føste hella blåsyra på kuben som sitt fast i skrustikka. (Pass på å ha ein syrefast beholdar under, så ikkje golvet vert øydelagt. Du får kjøpt dei på E-bay). Syra skal gjera kuben mjuk og bøyelig. Den andre vennen slår øksa så hardt han kan i kuben. Om du har gjort alt rett og stramma skrustikka skikkeleg, så skal det komme eit relativt stort hakk i kuben.

No må du forsiktig ta kuben ned og legga den på noko hardt. Noko som kan motstå eit kraftig sleggeslag. (Oi, stilig ord). Deretter tek den tredje og siste vennen din slegga og dæljar til kuben så betane flagrar. (Huks beskyttelsesbriller). No kjem det endelege poenget med å ha gode kompisar på staden. Få dei til å samla alle betane og legga dei på ein stein, noko grus eller i ein flammefast beholdar. Så tek du den snedige, propandrivne flammekastaren din, tar gassen på fullt og får ein av kompisane dine til å tenna på med ein liten lighter. (Dette kan vera litt farlig, men det er den einaste måten). Når du har slept den forbrente kompisen din vekk, Så tar du og rette flammen mot dei resterande kube-restane og held den der til alle betane er smelta sammen til ei einaste smørja.

Kuben for oss dødelige.

Ferdig[rediger]

Sånn. Så er du ferdig. Kuben er løyst. Alle fargane er samla på ei einaste sida. Det var ikkje vanskeleg det vel? Denne handliga kan du gjenta så mange gongar du vil, men pass på så naboane ikkje får ferten idet. Dei har ein tendens til å sladra til politiet om du annankvar dag heller blåsyra i hagen deiran, mens du hoppar rundt med propantankryggen og brenn på firkanta kubar med mangen fine fargar på.

Den litt vanskeligere metoden[rediger]

En litt vanskeligere metode kan også brukes, hvis du har guts nok. Den fungerer sånn:

1. Ta kuben opp. 2. Kast den over skulderen.

Ferdig! Du har nå løst kuben. Hvis du ikke får til dette, øv litt mer på kasteferdighetene dine.